Gratis Versand in ganz Österreich
Bookbot

Fuglane

Autor*innen

Mehr zum Buch

Fuglane (1957) er nok meisterverket til Tarjei Vesaas. Ingen annan romanperson er så omslutta av forfattarens omsorg og kjærleik som Mattis tust. Hjelpelaus i kvardagsliv og arbeidsliv er Mattis, og skarp er han ikkje. Men likevel forstår han på somme måtar meir enn dei skarpe. Naturen openberrar løyndomar for Mattis. Han kan tyde fuglespråk. Han kan lese dei breva som rugda skriv til han med nebb og føter. Og han kan formulere dei djupaste livsspørsmål: Kvifor er det slik det er? spør han den venlege gardkona som byr på kaffi når arbeidet endå ein gong har gått i stå for han.Ingen kan gje svar, men diktaren fortel på ein slik måte at også vi lesarane må ta Mattis inn i vår omsorg, samstundes som vi forstår systera Hege og alle dei som gjerne vil hjelpe Mattis, men ikkje kan nå heilt inn til han.Fuglane er omsett til ei rekkje språk og vart i 1967 filmatisert av den polske regissøren Witold Leszczynski. I 1997 sette Det Norske Teatret opp ei dramatisering av romanen, ei eineståande framsyning som vart vide kjend.

Buchkauf

Fuglane, Tarjei Vesaas

Sprache
Erscheinungsdatum
1974
product-detail.submit-box.info.binding
(Hardcover),
Buchzustand
Gebraucht - Beschädigt
Preis
€ 6,70

Lieferung

  • Gratis Versand in ganz Österreich

Zahlungsmethoden

Keiner hat bisher bewertet.Abgeben